Jula vart ikkje normal likevel – dette er dei strenge tiltaka som gjeldI

NPK-NTB-Snorre Schjønberg

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kom med ein kalddusj som førjulsgåve då han innførte skjenkjestopp, avgrensingar i private lag og fleire nye tiltak.

– Eg skjønner veldig godt at dette er fortvilande, sa Støre på pressekonferansen han heldt tysdag.

Statsministeren seier han forstår at det er fortvilande at det blir innført strenge tiltak.

Der innførte han tiltak strengare enn dei fleste hadde sett for seg at ville komme då Noreg feira gjenopninga for 73 dagar sidan. Tommestokken helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) fekk av forgjengaren sin Bent Høie (H) etter valet, kom òg tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strenge tiltak

I tillegg blir strenge tiltak innført:

* Maks ti personar får samlast i private heimar, men det kan vere 20 personar på julaftan eller nyttårsaftan.

* Inntil 50 kan vere samla i minnestunder etter gravferder og bisetjingar.

* Det blir skjenkjestopp frå midnatt i heile landet, og det er berre lov med bordservering.

* Alle som er ute på serveringsstader må halde ein meters avstand.

* Det blir nasjonalt påbod om å bruke munnbind der avstandskravet ikkje kan haldast.

* Det blir tilrådd at alle som kan, skal jobbe heime.

* Maksimalt 50 kan samlast på offentlege arrangement utan faste, tilviste sitjeplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Streng åtvaring: Meir urovekkjande enn før

Tiltaka trer i kraft ved midnatt natt til torsdag og skal vare i fire veker.

– Vi håpa i det lengste at jula i år kunne bli som før og normalt, seier Støre.

Tiltaka kjem etter vekst både i smittetala og talet som er innlagt. Helsedirektoratet åtvarar mot at situasjonen no er meir urovekkjande enn i tidlegare pandemibølgjer.

– Vi ser situasjonen som alvorleg. Både delta- og omikronsmitten aukar i Noreg. Talet som blir lagt inn på sjukehus og intensivavdelingane, aukar, seier Støre.

– Ein rask auke i alvorlege sjuke kan allereie om få veker føre til at helsetenesta ikkje er i stand til å gi nødvendig helsehjelp slik vi ønskjer, seier Støre og legg til både kreftpasientar og akuttpasientar då vil vere utsett.

Folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg seier det er fare for meir sjukdom og død enn tidlegare i pandemien.

– Trusselen frå omikron er enorm, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber folk redusere nærkontaktar

I tillegg til alle reglane som er forskriftsfesta, blir det innført nye råd og tilrådingar. Støre oppmodar alle til å redusere nærkontaktane sine, men seier det får vere opp til folk sjølv å avgjere kor mange dei skal ha.

Førebels er barna skjerma, men trafikklyssystemet kan vere på veg tilbake. Kommunane får beskjed om å førebu seg på gult nivå i skular og barnehagar.

Det forskriftsfestast òg at verksemder som bibliotek, treningssenter, kjøpesenter og butikkar må drive smittevernmessig. Det inneber at alle må kunne halde einmeteren.

– Det er ikkje lett å ta meteren fram igjen, seier helseminister Kjerkol.

Munnbindpåbodet som blir innført, gjeld òg hos frisørar, hudpleiarar og andre éin-til-éin-verksemder.

NPK