Helge Nedrebø (t.v.) og Nils Arne Dvergsdal har signert avtale om vidare drift av steinbrotet på Andenes.

Jølstringar skal produsere stein i Gloppen

 – Marknaden skrik etter produkta, så då gjeld det å få opp tempoet i produksjonen, seier Helge Nedrebø. For ei veke sidan signerte han avtale med Jølster-bedrifta Ottar Dvergsdal AS om å drifte steinbrotet på Andenes.

Nedrebø har drive steinbrot på eigedomen sin sidan 2001. Dei første åra som prøvedrift før det kom på plass reguleringsplan i 2008. Avtala med Dvergsdal betyr ein ny epoke og større aktivitet i steinbrotet.

Tosidig nytte


Helge Nedrebø og Ottar Dvergsdal AS har signert ei langsiktig avtale der Dvergsdal skal drifte steinbrotet mot å betale ein fastsett pris på det som blir teke ut. Nedrebø skal også kunne ta ut det han treng av stein og fyllmasse til eige bruk.

– No blir her folk heile tida og jamn drift, det er viktig, seier Nedrebø, noko dagleg leiar Nils Arne Dvergsdal er samd i. Maskinentreprenøren frå Jølster har mykje kompetanse på produksjon og bruk  av stein, og han ser store fordelar med avtalen han har signert med Nedrebø.

– For oss er det viktig å kunne produsere stein sjølve og sleppe å vente på andre. Eg satsar på at vi skal få til eit godt opplegg her, seier Dvergsdal som allereie har fått ei gravemaskin på plass og er klar til å starte produksjonen.

Meir om dette i papiravisa fredag

I steinbrotet skal det produserast både pukk og grus, i tillegg til hovudproduksjonen som blir murstein.