Utøvarar frå Jølster som deltok på det åttande og siste stemnet i Bergen i helga. F. v. Jan-Erik Sunde, Linn-Mary Flugekvam, Inge Henden Førde, Victor Bergman, Runar Berg, Tom Erik Berg og Ottar Berg.

Jølstringar gjekk heilt til topps

Jølster Handbakklubb vann Noregscupen samanlagt i 2019. Den åttande og siste runda vart arrangert i Bergen 14. desember. Totalt har det delteke 23 klubber på åtte stemne i 2019.

Jølster har tre utøvarar som er vinnarar av si klasse i Noregscupen 2019. Desse er også NBF-beltevinnarar for året. Belte må vinnast i tre år for å vere til odel og eige.

Dei tre er:

Runar Berg, venstre og høgre hand, juniorklasse -80 kg.

Jan-Erik Sunde, venstre og høgre hand, seniorklasse -70 kg.

Ottar Berg, venstre og høgre hand, masterklasse -95 kg.

Resultat i helga

På stemnet i Bergen fekk utøvarar frå Jølster Handbakklubb desse resultata:

Linn-Mary Flugekvam tok 3. plass i høgre og 5. plass i venstre hand, open dameklasse.

Inge Henden Førde tok 2. plass i venstre og høgre hand, masterklasse -78 kg.

Victor Bergman tok 3. plass i høgre og 4. plass i venstre hand, junior -80 kg.

Tom Erik Berg tok 2. plass i venstre og 5. plass i høgre hand, senior +110 kg.