Magne Aardal (t.v.) og Steinar Dvergsdal deler ikkje syn når det gjeld framtidig kommunenamn.

Jølster som kommunenamn?

Debatten spora ein tanke av då kommunestyret sist veke drøfta vidare organisering av arbeidet med ein ny storkommune i Sunnfjord. Spørsmålet om namn kom på bordet.

– Vi bør snart få avgjort namnet på kommunen. Førde er naturleg. Sunnfjord er ikkje aktuelt sidan ikkje heile Sunnfjord er med, og Indre Sunnfjord går ikkje. Det er det eit spelemannslag som heiter, sa Magne Aardal (SV) til latter i salen.

– Eg tar ikkje med meg Magne Aardal sitt innspel på namn, men bortsett frå det lagrar eg det meste, konstaterte ein tydeleg usamd ordførar Oddmund Klakegg.

Steinar Dvergsdal (Sp) var heller ikkje synleg begeistra for forslaget.

– Alle ser på Sunnfjord som uaktuelt. Det finst gode og samlande namn som både har røter og kling bra. Førde er innarbeidd som kommunenamn, men sjølvsagt ikkje like godt innarbeidd som Jølster, smilte han.

Pål Befring (Ap) hekta seg på.

– Jølster er allereie godt innarbeidd og heilt unikt. Førde blir byen uansett, kanskje i Jølster kommune, spurde han før ordføraren avslutta debatten som dukka opp før si tid.