Jarle Helgheim har ivra for å få sett inn att dei to vindauga som vart tekne vekk frå koret i Helgheim kyrkje i 1952. Arkivfoto.

Jarle ser ut til å få ønsket sitt oppfylt

Ein jølstring som ønskjer å vere anonym har gjeve 625.000 kroner til nye vindauge med glasmåleri i koret i Helgheim kyrkje. Prosjektet er dermed fullfinansiert.

I Firda Tidend 26. oktober i fjor fortalde Jarle Helgheim om ønsket han hadde om å få sett inn att dei to vindauga i koret i kyrkja som vart bygd i 1877. Desse vart tekne vekk i samband med restaureringa i 1952. No manglar berre Bjørgvin bispedøme si godkjenning før kyrkja kan få attende den opphavelege utsjånaden sin - 65 år etter.

Svar i veke 21

– Saka er ikkje handsama enno, eg håpar å få det til i løpet av to veker, seier rådgjevar for kyrkjekunst og interiør i Bjørgvin bispedøme, Ragnhild Tveit.

Ho har sendt saka på høyring til Riksantikvaren, men har ikkje fått svar enno.

– Dette er ei ganske stor endring, samstundes er det snakk om ei slags tilbakeføring, seier ho utan å ville spekulere for mykje i kva råd Riksantikvaren vil kome med.

– Vil heve kyrkja estetisk

Årsaka til at dei to vindauga i koret, eitt på kvar side av altartavla, vart tekne vekk for 65 år sidan, skal ha vore at lyset til tider kunne forstyrre presten når han stod vend mot altaret.

Helgheim sokneråd ønskjer at vindauga som vonleg blir sette inn att blir smykka med vakre glasmåleri.

– Dette vil i betydeleg grad heve kyrkja reint estetisk, og gjere henne mykje vakrare både utvendig og innvendig. Samtidig vil verken lys eller trafikk kunne forstyrre handlingar i kyrkjerommet, skriv leiar Astrid Aardalsbakke Feldt i søknaden til Bjørgvin bispedøme.



Tilbod frå kunstnar

Soknerådet har fått inn tilbod frå glaskunstnar Åshild Havåg Bergseth, som også har laga tre glasmåleri i koret i Florø kyrkje. Tilbodet er på 210.000 kroner.

– Som i Florø foreslår eg motiv i midtfelta, og sidefelta som meir dekorative og enklare ruter. Eg vil òg vurdere å ta utgangspunkt i nokre av bileta frå Florø, men utan å kopiere desse. Det skal vere eit nytt sjølvstendig kunstverk, skriv ho i tilbodet.

Inkludert i prisen er arkitektarbeid utført av mannen hennar, Magne Bergseth. Skissene ho har laga for Helgheim kyrkje er forma slik at både fargar og uttrykk skal kunne gå godt saman med altertavle og kyrkjerom.

Symbol knytt til oppstoda

– Det kan bli aktuelt å ha lysdempande glas på baksida av glasmåleriet for at det ikkje skal kome for sterkt lys inn mot den lyse blåfargen. Midtkolonnen i vindauga med motiv og tekstar vil tre fram i ei slags søyleform som vil vere som ei forlenging av søylene i altartavla, skriv soknerådet i ein utfyllande informasjon om skissene.

Vidare vert det opplyst at det er valt sentrale kristne motiv saman med bibelske tekstar. Dette vil vere noko å feste blikket på og meditere over:

– Altertavla i Helgheim kyrkje har ikkje noko motiv av oppstoda. Vi ønskjer difor å ha med symbol som kan knytast til denne. Dette er ein av grunnane til at sommarfuglen er kome med øvst i begge vindauga. Det kan bli aktuelt å byte ut høgre sommarfugl med ei sol, men det vil i så fall kunstnaren ta stilling til seinare.

300.000-400.000 kroner

Soknerådet reknar med at den totale kostnaden ved tiltaket vil kome på mellom 300.000 og 400.000 kroner, altså betydeleg mindre enn den anonyme gåva på 625.000 kroner som er sett inn på sperra konto, øyremerka til prosjektet.

– Ideen, engasjementet og ikkje minst den rause gåva har gjort sterkt inntrykk. Ei så stor gåve fortener all mogleg respekt og takksemd frå folket i soknet. Samtidig vil ho spore oss til innsats til å gjennomføre prosjektet. Helgheim sokneråd står overfor mange og krevjande oppgåver. Slik soknerådet ser det, vil dette vere eit vesentleg bidrag og stimulans til det arbeidet som synest ikkje å bli prioritert i nødvendig og tilstrekkeleg grad av kommunen, skriv Astrid Aardalsbakke Feldt i søknaden.

Saka har vore handsama av både Helgheim sokneråd og fellesrådet i Jølster, begge råda har vore svært positive. Om soknerådet får det ønskte svaret på søknaden sin i løpet av den næraste tida, vil dei nye vindauga vere på plass i kyrkja i løpet av hausten.

Helgheim kyrkje kring 1910. Som ein ser, er vindauga i koret på plass.