Jamt i Jølster?

Det kan gå mot ei svært spennande folkerøysting i Jølster den 4. april. I den rådgjevande røystinga skal dei ta stilling til om dei skal halde fram med å stå åleine, eller gå inn i den sokalla liten SiS, saman med Førde, Naustdal og Gaular.

I Flora snakkar fleire om å hekte seg på Sunnfjord igjen etter at ein kystkommune er ute av biletet, kva som skjer i så fall er førebels uvisst. Det må vel i eit slikt tilfelle haldast ny folkerøysting, sjølv om den i utgangspunktet er rådgjevande. Vi trur ikkje politikarane vil gjere vedtak utan å vite og for den saks skuld høyre på kva råd sjefane, altså innbyggjarane, gjev.

Men la no det ligge. Det er svært spennande å sjå korleis det går i Jølster. Her kan dei i alle fall ikkje klage på mangel på engasjement og debatt, om informasjonen dei har fått har vore god nok, skal ikkje vi ta stilling til.

Men vi er imponerte over den oppslutninga og engasjementet som har vore. Sist veke vart det femte folkemøtet avvikla, denne gongen på Skei. Og nok ein gong var det fullt hus og stinn brakke, og ekstra stolar måtte berast inn. Kring 300 hadde samla seg i samfunnshuset, og dei heldt det gåande i tre-fire timar med innlegg og debatt.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.