10. september startar småviltjakta - årets høgdepunkt for mange jegarar. Det er venta at fleire enn 70.000 skal på småviltjakt. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Jaktstart for 70.000 jegerar

10. september startar ein av dei største jaktutfartane. Det er venta at fleire enn 70.000 jegerar skal på småviltjakt.

Publisert

– Startskotet for småviltjakta er som julaftan å rekne for mange jegerar, seier informasjonssjef i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Line Lillebø Osfoss i ei pressemelding.

Ein halv million nordmenn er registrerte som jegerar og 185.000 løyste jegeravgiftskort førre jaktår.

Også rekrutteringa til jakt aukar. I jaktåret 2025/2026 klarte 12.171 personar jegerprøva, ein auke på 11 prosent frå året før. Dei fleste av dei nye jegerane er under 30 år.

NJFF tilbyr introjakt for både ferske jegerar og dei som ønskjer å prøve nye jaktformer. Denne hausten blir det arrangert rekordmange 600 introjakter, der deltakarane får lære saman med erfarne instruktørar.

Småviltjakt er eit samleomgrep for jakt på fuglar og mindre pattedyr som toler å bli hausta av. Dette er jaktformer med lange tradisjonar her i landet, og særleg rypejakta er eit høgdepunkt for mange når hausten kjem. (©NPK)

Powered by Labrador CMS