Geir Pollestad, Senterpartiet.

Ja til ei pelsdyrnæring i Noreg med sterke krav til dyrevelferd

PRESSEMELDING: Stortinget handsama 10. januar «Pelsdyrmeldinga». Eit fleirtal av H, Frp, Krf og Senterpartiet slo fast at me skal ha ei pelsdyrnæring i Noreg. Samstundes så skjerpa partia krava til dyrevelferd i pelsdyrhaldet.

- Pelsdyrnæringa i Noreg driv med verdas strengaste krav til dyrevelferd. Eg er glad over at me no har fått eit vedtak i Stortinget som gjev næringa føreseielege rammevilkår og moglegheit til å satse på lønsam produksjon av rev og mink. Senterpartiet er glad for å ha fått på plass eit slikt vedtak, seier stortingsrepresentant og leiar i næringskomiteen Geir Pollestad.

Pelsdyrnæringa har i dei seinare åra levd med stor grad av uvisse om kva som vil skje med næringa. No har det vore ein omfattande prosess med ei offentleg utgreiing, stortingsproposisjon og vedtak i Stortinget. No er konklusjonen klar. Det skal vera ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa i Noreg.

- Alle som er opptekne av dyrevelferd må no gje næringa ro til å innfri dei nye krava som er sett. Framleis uvisse om næringa si framtid vil berre gjera at naudsynte investeringar for å betra dyrevelferda vert utsett, seier Pollestad.

Stortinget gjorde under si handsaming fleire endringar på den meldinga som regjeringa hadde lagt fram. Mellom anna vil det framleis vera mogleg å halde mink i grupper og ikkje berre i par slik regjeringa hadde gjort framlegg om.

- Regjeringa sitt framlegg ville ha påført store kostnader utan å gje noko betre velferd for pelsdyra. No har me funne ei løysing som både er betre for bøndene og for dyrevelferden seier Pollestad.