Rolf Os, Geir Arne Nilssen, og Sarah Nicole Nordbø er klare for ein spennande konkurranse.

Inviterer til Mesternes Mester

Med varierte øvingar tilpassa mange, inviterer Spenst Gloppen til Mesternes Mester. Laurdag 25. august håpar dei å sjå mange lag med godt humør og konkurranseinstinktet på plass i Sandane sentrum. 


– Einaste kravet vi set til kven som kan delta, er tre personar per lag. Elles vert dette ein lågterskelkonkurranse. Den set på ingen måte krav til nivå, forklarer dagleg leiar for Spenst Gloppen, Geir Arne Nilssen.

Ope for alle

Nilssen fortel at dei sender ut mail der dei oppfordrar bedrifter til å stille lag. I tillegg vil dei invitere andre treningssenter frå både Nordfjord og Sunnfjord. Han legg likevel vekt på at spreke vennegjengar er like velkomne, her vert det ingen avgrensingar.

– Under konkurransen vert alle lag stilte likt, for at det heile ikkje skal bli for langdrygt. Det er viktig at det vert underhaldande både for publikum og for deltakarane, fortel Nilssen.

– Likevel er øvingane lagt opp til at der skal vere noko for ein kvar. Slik kan flest mogeleg finne noko dei er gode på, utan at alle får til alt.

Under årets konkurranse vert det ikkje delt opp i ulike klassar. Men om aktiviteten vert populær, gjer dei aktuelle justeringar om den skulle bli arrangert fleire år.

Vil skape liv

Saman med Rolf Os fekk Geir Arne Nilssen ideen om at Mesternes Mester kunne vere kjekt å gjennomføre under Sandane-dagane.

– Mesternes Mester vil finne stad ved Gjestebrygga laurdag ettermiddag. Der er plassen open og fin, samstundes som vi har mogelegheit til å bruke fjorden.

Nilssen forklarer at føremålet med konkurransen er å lage liv og aktivitet i sentrum, samstundes som dei får vist fram eige namn og samarbeidspartarar.

– Aktiviteten er mest for moro skuld, og for å vise fram dei gode og varierte tilboda vi har her i Gloppen. Dette er ein god sjanse sidan mange tilreisande kjem denne helga, smiler han.

Varierte øvingar

– Dei tre personane på laga skal kvar utføre ei øving åleine, før den siste er ei lagøving. Det er viktig ikkje å ha for avanserte øvingar, slik at folk tør å melde seg på. Dette er noko vi har tenkt mykje på når vi har funne fram til øvingane. Difor har vi lagt opp til variasjon mellom balanse, styrke og presisjon.

Den første av dei individuelle øvingane er balanse på tid. Her skal ein balansere på bom fram og tilbake ved Gjestebrygga, sjølvsagt over open fjord, for ekstra spenning og glede for publikum. Den neste er presisjonskast, før den siste på laget deltek i farmers walk. I denne øvinga skal deltakarane gå eller springe flest mogeleg lengder av ein gitt distanse, med to 25-literkanner vatn. I lagøvinga skal heile laget ta seg gjennom ei hinderløype samstundes som dei fraktar med seg ei ballast.

Heile konkurransen, med premiering, skal gå i eitt, slik at det blir fart og kjekt å sjå på.

Flotte premiar

Sjølv om det er Spenst Gloppen som står for både initiativ og gjennomføring, vil dei òg vise fram samarbeidspartnarane sine. Dette gjer dei gjennom dei flotte premiane. Desse består av tre månader trening hos Spenst Gloppen til alle på eitt lag, tre klippekort hos Trivselsbadet til eit anna, og eit tredje lag får tre gåvekort hos Intersport til ein verdi av 300 kroner kvar.

– Eg trur dette blir ein kjekk konkurranse, og håpar mange deltek. Gjennom sosiale medium vil vi sende ut informasjon om Mesternes Mester, i tillegg til at bedrifter får direkte invitasjon. Elles kan ein melde på lag ved å sende mail til oss, seier Geir Arne Nilssen.

– Det blir spennande å sjå korleis vêret blir, sidan aktiviteten er utandørs. Om vêret blir dårleg, skal vi nok finne ei løysing likevel. Mesternes Mester skal bli gjennomført under Sandane-dagane uansett, understrekar arrangøren.

I tillegg til kjekke premiar, kan Nilssen fortelje at ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad stiller som speaker, og kanskje vert det nokre overraskingar òg.