– Før vi seier ja eller nei, må vi vite kva som ligg i førespurnaden, seier næringssjef Knut Roger Nesdal.

Investorar vil byggje fengsel

Norda Partners AS søkjer samarbeidskommune for bygging av drift av fengsel i Noreg, og har tatt kontakt med Gloppen kommune om dette. Kommunen har ifølgje næringssjef Knut Roger Nesdal vist interesse for å vere med i samtalar vidare.

Noreg har for få fengselsplassar her i landet, noko som har ført til at Regjeringa er blitt nøydd til å sjå på alternative løysingar for å kutte ned på fengselskøane. Mellom anna vil ein leige fengselsplassar i Nederland.

Ser om det er mogleg

– Underteikna representerer ei investorgruppe som ser om det er mogleg å byggje og drifte private fengsel i Noreg. Vi har stor tru på at dette kan gjennomførast som eit offentleg-privat samarbeid, skriv Tor Blaasmo i eit brev til Gloppen kommune.

Investorgruppa har allereie vore i dialog med ein leverandør på bygging av fengsel.

– Dette er den same leverandøren som sto ansvarleg for bygginga av fengselet som skal nyttast for norske fangar i Nederland. Dei har god kompetanse på området, og seier dei kan byggje fengsel i høve til norske retningsliner og krav, opplyser Blaasmo.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.