Illustrasjonfoto.

Innbrot i Florø

I løpet av natta har det vore innbrot hos Bunnpris på Havrenset i Florø, melder politiet.

Politiet har vore på staden, men har så langt ikkje meldt noko om det er mykje som er teke. Om nokon har sett noko aktivitet på staden øsnkjer dei no tips frå publikum.

To bilførarar fekk bot i ein fartskontroll i Høyanger i natt. I 60-sona vart dei stoppa etter å vorte målt i 72 km/t og 73 km/t.

I går kveld fekk politiet melding om festbråk frå ei leilighet i Vågsøy. Då politiet kom var festdeltakarane reist frå staden.

Litt fram på natta måtte politiet rykke ut til ein privatfest i Høyanger etter å ha fått klager om støy derifrå.

I natt vart også to bilar avskilta, ein i Sogndal og ein i Måløy. Begge for ikkje å vore framvist for periodisk kontroll.