Ingen nye smittetilfelle

Det er ikkje registrert nye personar som har testa positivt for korona det siste døgnet, opplyser Gloppen kommune i ei pressemelding onsdag.

Til saman 122 personar er smitta med korona i Gloppen sidan utbrotet starta 22. oktober.

– Kommunen har no god tilgang på hurtigtestar og test-kapasiteten i kommunen er god. Vi legg difor om rutinane for koronatesting. Hovudregelen vert no testing med hurtigtestar utleverte frå Gloppen kommune etter avtale med smittesporingsteam og Gloppen legesenter, heiter det i pressemeldinga.