Ingen har vore leiar lenger enn Peder, men han held fram i to år til
Glopparen Peder Lofnes Hauge er attvald som leiar i Noregs Mållag.
– No siktar vi mot ny medlemsrekord i Mållaget, og at Stortinget skal grunnlovfeste nynorsken. Så vil vi få med oss styresmaktene på målet om ein million nynorskbrukarar!
Det seier Peder Lofnes Hauge, som fekk attval på to nye år som leiar av Noregs Mållag, i ei pressemelding.
Han har seks år bak seg som leiar og er den lengstsitjande leiaren i Mållaget.
Noregs Mållag har vore samla til landsmøte i helga. Der vedtok organisasjonen eit nytt arbeidsprogram, Vegen mot Noreg 2050, som siktar mot ein offensiv og slagkraftig språkpolitikk.
Lofnes Hauge ønskjer seg eit samfunn der det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar:
– Vi forventar eit taktskifte frå styresmaktene no. Første steg er å slå fast at vi må bli fleire nynorskbrukarar. Det neste er å følgje opp med tiltak og løyvingar som monnar.
Det nye styret er:
Peder Lofnes Hauge, leiar (Bergen) og Live Havro Bjørnstad, nestleiar (Bergen).
Styremedlemene Kjetil Aasen (Oslo), Espen Tørset (Orkland), Gunnhild Skjold (Tromsø), Monika Haanes Waagan (Herøy) og Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom.
1. vara: Karen Mjør (Oslo), 2. vara: Tommy Tverdal (Vennesla), 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (Hamar/Oslo) og 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (Sogndal).