– Ikkje lag snøholer i brøytekantane

– Det er livsfarleg å lage snøholer i brøytekantar. Eg vil oppmode foreldre om å passe på at borna ikkje gjer dette, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad.

Snøen har lava ned dei siste dagane, noko som opnar for aktivitetar som ein ikkje kan gjere i låglandet kvar vinter lenger. Men noko bør ein halde seg unna.

– Eg har fått innspel frå fleire brøytesjåførar, både på private-, kommunale-, fylkes- og riksvegar, som har opplevd farlege situasjonar knytt til snøholer i brøytekantar. Å lage snøholer er ein fin aktivitet, men ikkje i vegkanten. Det er veldig viktig at foreldre passar på så dette ikkje blir gjort, seier Gloppestad.

Artikkelen held fram under annonsen.