Illustrasjonsfoto: Lise Åserud/NTB/NPK.

- Ikkje bestill utanlandstur før du har reisedokument

Politiet opplever for tida unormal høg etterspurnad etter pass og nasjonale ID-kort. I tillegg er det avgrensa tilgang til materiale og derfor lange leveringstider. Derfor blir vi oppmoda om å vente med å bestille utanlandsferie før vi veit at vi har reisedokumenta i orden.

Grunna pandemien og Ukraina-krigen, har det vorte problem i forsyninga av viktige materiale som blir brukte i produksjonen av pass og nasjonale ID-kort. Leverandøren klarar derfor ikkje lage nok for å møte den auka etterspurnaden av pass og nasjonale ID-kort før sommaren.

Dei som skal reise innanfor EU-/EØS-landa og Sveits, bør velje å søkje om nasjonal-id-kort. Her er leveringstida litt kortare, ifølgje politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal du reise til Storbritannia, er det, på grunn av Brexit, berre norske borgarar med gyldig opphald i Storbritannia som kan bruke nasjonalt ID-kort for innreise. Andre tilreisande må ha gyldig pass med gyldigheit for heile opphaldet. (©NPK)