I utakt med folket

Regjeringa er heilt i utakt med folket sitt i landbrukspolitikken. Den konklusjonen kan ein trygt dra etter tilbodet dei kom med i jordbruksforhandlingane sist onsdag. Her legg dei opp til ein liten vekst på 90 mill. kroner eller 1,5 prosent, men dei gjer det ved å auke målprisane og legg faktisk opp til eit kutt i overføringane på statsbudsjettet på 70 mill. kroner. Ikkje nok med det. Den blåblå kursen med å gje stadig meir til nokre få store bønder, og kutte til alle dei små og mellomstore, slike vi finn mange av på Vestlandet og i distrikta, held stadig fram.

Bondelagsleiar Lars Erik Bartnes karakteriserer tilbodet som eit krevjande utgangspunkt for eventuelt vidare forhandlingar. Eit tilbod utan visjonar, som ikkje svarar på oppdraget frå Stortinget om eit mangfaldig landbruk over heile landet. – Vårt krav er tydeleg på at det er stort behov for å gje fleirtalet av norske gardsbruk den same utviklingsmogelegheita som eit fåtal store bruk har fått dei siste åra. Svaret frå regjeringa er nok eit steg i retning av at dei små og mellomstore bruka ikkje skal vere ein del av framtidas landbruket i Noreg. Dette er eg fortvila over, seier Bartnes.

Han peikar på at Stortinget sitt mål for landbruket er å produsere meir mat frå norsk jord. – Vi er heilt avhengige av dei mindre og mellomstore bruka for å kunne bruke norsk jord til matproduksjon i dei delene av landet der klima og geografi ikkje gjer det mogeleg å drive stort. Desse bruka er også svært viktige for vedlikehald av kulturlandskapet, levande bygder og verdiskaping rundt om i landet, seier Bartnes. Han peikar på noko så sjølvsagt som dei aller fleste utanom regjeringskvartalet både veit og støttar opp om, men som ein landbruksminister frå Volda altså ikkje har sett poenget i.

Det er svært skuffande naturlegvis. Og det er heilt i utakt med folkeviljen. Ei fersk undersøking som MMI har gjort for Noregs Bondelag, fortel at 92 prosent av folket vil ha eit landbruk på same nivå som i dag. Denne undersøkinga har vore gjort jamt sidan 1979, og det er spesielt å merke seg at oppslutnaden aldri har vore større. Trygg mat og sjølvforsyning er det folk legg mest vekt på i sine gode ønskje for landbruket. Levande bygder og busetjing kjem også høgt. Det er ikkje rart at bondelagsleiaren vert oppmuntra av desse tala, det må også vere ein inspirasjon i den kampen som no ventar.

Det er utruleg trist at vi har ei regjering som ikkje er meir framsynt og visjonær på dette området, og som berre tygg gamal graut og rir prinsipp om at stort er det einaste salige. Dei vil heller ha store dyrefabrikkar i nokre få flatbygder enn eit levande landbruk over heile landet som set form og farge på bygdene, som hindrar gjengrping og som med sine ringverknader gjev hundretusenvis av livsviktige arbeidsplassar. Vi forstår ikkje kva dei tenkjer på. Regjeringa har heller ikkje teke signala frå eit fleirtalet i Stortinget, noko som i seg sjølv er alvorleg.

Det er dette fleirtalet landbruket no må spele på og støtte seg til. Ein ting er støttenivået, minst like ille er den omfordelinga dei driv må med frå alle dei små og mellomstore til nokre få storbønder. Det er uakseptabelt, og noko støttepartia Venstre og KrF må vere tydelege på og setje ned foten så tydeleg at kursen vert snudd.

Dei har i så fall støtte i folket.