I den levande kantina er berekraft, helse og trivsel viktige stikkord

Sunn mat, gratis frukost, middag for hybelbuarane, berekraft, helse og trivsel er viktige stikkord for kantina.

Stryn vgs. har ei levande kantine. Det vert lagt stor vekt på å gjere kantina til ein innbydande, sosial og trygg stad å vere.

Kvar morgon står kantina klar med gratis frukost til alle elevane. Her får dei servert nykokt havregraut, brødmat med godt pålegg og yoghurt med ulike gryn for dei som ønskjer det. Eit populært tiltak, viser oppslutninga. Elles dannar gode varmrettar, salatbar og heimelaga bakverk eit godt grunnlag for all aktivitet som går føre seg i dette hjartet av skulen.

Hybelbuarane får servert gratis middag med dessert fleire gonger i månaden. Miljøkoordinator, rådgjevar og kantinepersonalet står bak dette tiltaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kantina finn ein biljardbord, bordtennis og airhockeybord som skapar nye vennskap på tvers av trinn og retningar. I tillegg er det temadagar med leik og moro, der lette konkurransar og sosiale aktivitetar skal bidra til eit positivt og samlande skulemiljø. Her går det i alt frå Hawaii- og beachparty, til rosa dag og afterski. I tillegg markerer ein alt frå uhøgtidlege dagar som vaffeldag, til meir viktige dagar med fokus på psykisk helse og trafikktrygging.

Juleballet ved Stryn vidaregåande skule vert omtalt som ei magisk oppleving, med festpynta kantine dekt til fest. Vg2 og vg3 bidreg på ulike måtar, frå rigging til pynting og program. Tilsette lagar alt av mat og er kveldens servitørar og vertar.