– Vi har opplevd eit fantastisk engasjement frå lokalbefolkninga dei to føregåande åra. Det å sjå så mange samlast i rosa for ei så viktig sak varmar enormt, og vi gler oss skikkeleg til å sette i gang med årets løp, seier arrangørane.

I dag skal Buktaflata fargast rosa

Sandane gjer seg klar for Rosa sløyfe-løpet for tredje år på rad.

Publisert Sist oppdatert

Vi har bikka oktober og det er klart for den årlege Rosa sløyfe-aksjonen, og dermed Rosa sløyfe-løp ved Mardal skule.

– Etter to svært vellukka arrangement, er vi klare for å ta imot både nye og tidlegare deltakarar når vi no arrangerer for tredje gong. Vi har opplevd eit fantastisk engasjement frå lokalbefolkninga dei to føregåande åra. Det å sjå så mange samlast i rosa for ei så viktig sak varmar enormt, og vi gler oss skikkeleg til å setje i gang med årets løp, seier arrangørane Ann-Christin G. Berge, Valborg G. Mardal og Kristine G. Hansen i ei pressemelding.

Låg terskel og god stemning

Basen for arrangementet vert som før ved Mardal skule, med Gloppetrimløypa som trasé. Deltakarane kan velje mellom løyper på to og fire kilometer.

– Tradisjonen tru legg vi opp til eit lågterskel- og familiearrangement, så det blir ingen fellesstart eller tidtaking. Ein vel sjølv om ein vil gå, springe, trille eller sykle. Det viktigaste er å delta og støtte ei god sak.

Sjølv om det ikkje er felles startskot, vert det lagt opp til felles oppvarming for å skape den gode stemninga før folk legg ut i løypa.

Vel tilbake på Mardal skule er det mogleg å ta turen innom kiosken og ta søndagskaffien og slå av ein prat med kjende og ukjende. All inntekt går til Rosa sløyfe-aksjonen.

Kristine Hansen (f.v.), Ann-Christin Gimmestad Berge og Valborg Mardal inviterer til Rosa sløyfe-løp 25. oktober. Privat foto.

– Håpar å sjå både store og små

Brystkreftforeninga avd. Nordfjord stiller med stand der dei sel Rosa sløyfe-effektar, deler ut brosjyrar og er tilgjengelege for ein prat.

Det er ingen frist for påmelding, men for dei som ønskjer deltakarpakke, må ein melde seg på hos Rosa sløyfe-løp innan 13. oktober. 

Nytt av året er Rosa sløyfe Mini. Når du melder på deg sjølv, kan du melde på barn mellom tre og ni år gratis. Dei får eigne startnummer og medalje.

– Vi håpar å sjå både store og små i lag med oss på Buktaflata 25. oktober, seier arrangørtrioen.

Powered by Labrador CMS