Prisane for sjøhytter har auka med 19 prosent i løpet av første halvår i år. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Hytteprisane steig kraftig i første halvår – opp 15,6 prosent

Hytteprisane steig med 15,6 prosent i første halvår, medan salsvolumet fall kraftig og er no tilbake på nivåa før pandemien, melder Eiendom Norge.

Den typiske fritidsbustaden i Noreg kostar no 3.352.105 kroner, viser prisstatistikken frå Eiendom Norge.

Så langt i 2022 er det selt 2.747 hytter i Noreg – ein nedgang på 32 prosent samanlikna med første halvår 2021.

Prisveksten har vore særleg stor for sjøhytter.

– Målt som gjennomsnittpriser har hytteprisane stige kraftig så langt i år, og både innlandshytter, fjellhytter og sjøhytter har stige markant i pris. Særleg stor vekst har sjøhyttene med ein oppgang på heile 19 prosent, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Ifølgje han overgår prisaukane så langt i 2022 til og med det rekordsterke året 2021.

(©NPK)