Alexander Sandtorv er hovudinnleiar på humanistkonferansen på Sandane laurdag.

Humanistkonferanse på Sandane i helga

Laurdag 14. mars inviterer Human-Etisk Forbund til open humanistkonferanse på Gloppen Hotell på Sandane.

Hovudinnleiar er kjemikar, forskingsformidlar og forfattar Alexander Sandtorv, ofte omtalt som «Norges rikskjemiker».

Sandtorv har doktorgrad i kjemi og er kjend for å formidle vitskap og fakta på ein forståeleg måte. I eigne kanalar i sosiale medium arbeider han aktivt mot feilinformasjon og tek opp aktuelle spørsmål knytt til forbruk, marknadsføring og vitskap. Han er også ofte å sjå på TV som ekspert og samfunnsdebattant, der han møter både politikarar og næringslivsaktørar.

Saman med Kristopher Schau står han bak to podkastar om vitskap og litteratur, og dei reiser også rundt i landet med desse i live-format. Sandtorv er dessutan skribent og forfattar med meir enn 15 bøker bak seg, og har skrive for mellom anna Morgenbladet og Klassekampen.

Humanistkonferansen 2026 har temaet «Mennesket mellom forbruk og fornuft». Gjennom foredrag og samtalar blir det sett søkjelys på korleis vala våre påverkar natur, samfunn og framtid.

I tillegg til Sandtorv deltek også Kristian Starheim og Bjarne Melvær Berge med faglege innlegg. Dagen blir avslutta med ein panelsamtale der innleiarane møtest til samtale med publikum.

– Vi ønskjer å skape ein møteplass for refleksjon, kunnskap og gode samtalar om dei store spørsmåla i vår tid. Med Alexander Sandtorv får vi ein formidlar som kombinerer fagleg tyngd med evna til å engasjere eit breitt publikum, seier arrangørane.

Konferansen er open for alle og gratis å delta på.

Arrangementet er ein del av årsmøtehelga til Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane, som går frå 13.–15. mars. Fredag er det samling for frivillige og tillitsvalde, medan regionårsmøtet blir halde søndag.

Powered by Labrador CMS