Med store mengder snø mange stader i fjellet, kan det vere lurt å få moka snø av hyttetaket no, åtvarar Frende Forsikring. Foto: Frende Forsikring.

Hugs å moke snø av hyttetaket

Det har kome mykje snø på fjellet mange stader den siste tida. Då er det lurt å få moka snø av hyttetaket før det er for seint, åtvarar forsikringsselskapet Frende Forsikring.

Det er bra å få moka snøen av hyttetaket medan han framleis er lett, minner fagsjef Lill Cecilie Bjørndal Klementsen i Frende Forsikring om.

– Ikkje vent til djupna har dobla seg og snøen pakkar seg tung og tett. Mange tonn med snø kan gi store skadar på heile konstruksjonen på familiehytta, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er god grunn til å vere på vakt når snødjupna nærmar seg halvmeteren, og mange stader har det komme meir snø no. Når det i tillegg er vind og snøfokk, kan også vindauge og dører forsvinne i snøen.

Skadar på grunn av tung snø kostar hytteeigarar og forsikringsselskap mange millionar kroner kvart år. Snøpress-skadane kan fort kome opp i over 50 000 kroner i snitt, viser analysar Frende har gjort.

(©NPK)