Hovudvegen mellom Vest- og Austlandet blir delvis stengd fram til jul

Sprengingsarbeid stenger riksveg 52 Hemsedalsfjellet i opptil 13,5 timar dagleg frå 21. oktober til 17. desember.

Publisert

Statens vegvesen skal utbetre to flaskehalsar mellom Tuv og Hemsedalsfjellet på riksveg 52, skriv dei i ei pressemelding.

– Vi oppmodar alle som skal køyre aust-vest, om å planleggje reisa før ein set seg i bilen. Snart nattestenger også Lærdalstunnelen, som vil gjere det endå meir krevjande å reise aust-vest, seier prosjektleiar Pål-Steinar Karlsen i Statens vegvesen.

Vegen blir stengd tre gonger dagleg: klokka 09–11, 14.30–16 og 20–06. Frå laurdag ettermiddag til måndag morgon vil vegen vere open.

Det finst ikkje lokale omkøyringsvegar. Tilrådd omkøyring er via riksveg 7 Hardangervidda eller E16 Filefjell.

16. november stenger i tillegg E16 Lærdalstunnelen seks dagar i veka frå klokka 18 til 06, i om lag to år framover.

Den lengste biltunnelen i verda er 26 år og skal gjennom ei omfattande tunneloppgradering for å møte dagens krav til trafikktryggleik, skriv vegvesenet. (©NPK)

Powered by Labrador CMS