Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Høve til ekstra betalingsutsetjing på studielånet blir ført vidare

Nordmenn har hatt ekstra høve til å utsetje betalinga av studielånet som følgje av koronapandemien. Ordninga blir no ført vidare til juni.

Alle som betaler på studielånet sitt, har i utgangspunktet rett til å utsetje rekninga i 36 månader utan å måtte oppgi årsak, opplyser Lånekassen i ei pressemelding.

I samband med koronapandemien kunne Lånekassen-kundane søkje om ekstra betalingsutsetjingar frå mars til desember 2020 utan å bruke av kvoten på 36 månader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stortinget har no bestemt at denne ordninga skal førast vidare ut juni i år. Det betyr at ein kan få betalingsutsetjing sjølv om ein har brukt opp kvoten sin. Men rentene går sjølv om ein får utsett betalinga.

Langt fleire søkte om betalingsutsetjing i 2020 enn tidlegare. Medan det i 2019 kom inn 210.300 søknader om betalingsutsetjing, fekk Lånekassen 345.100 slike søknader i 2020.

Berre i april fekk Lånekassen over 60.000 søknader.

(©NPK)