Hotell Bondeheimen i Oslo er eitt av mange hotell som har måtta halde stengt under koronakrisa. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Hotellkjedene åtvarar om masseoppseiingar utan utvida permisjonsordning

I eit brev til fleire stortingskomitear åtvarar leiarane for dei fire største hotellkjedene i Noreg om oppseiingar over sommaren viss det ikkje kjem endringar.

Hotellkjedene vil ha utvida permisjonsordninga til 52 veker, skriv E24.

– Viss ikkje, må vi gå til mange oppseiingar som vi meiner er premature. Vi trur vi kjem til å komme mykje seinare i gang enn dei andre store delane av næringslivet som var ramma, seier administrerande direktør Torgeir Silseth i Nordic Choice Hotels.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er sjefane i Nordic Choice Hotels, Thon Hotels, Scandic og Festningshotellene som har sendt brevet til finanskomiteen, næringskomiteen og arbeids- og sosialkomiteen.

I samband med revidert nasjonalbudsjett foreslo regjeringa å utvide permisjonsordninga ut oktober, medan LO-leiar Hans Christian Gabrielsen allereie har ytra ønske om 52 veker.

Thon Hotels Noreg-sjef Morten Thorvaldsen trur konsekvensen av at ordninga ikkje blir utvida til 52 veker, kan bli at 30.000–35.000 arbeidstakarar i reiselivsnæringa kan bli utan jobb.

(©NPK)