For femte året på rad har Hold Norge Rent invitert heile landet til å bli med på ei heil veke med frivillig opprydding. Organisasjonen er svært nøgd med arrangementet i år. Foto: Hold Norge Rent.

Hold Norge Rent er nøgde med strandryddeveka

For femte året på rad har Hold Norge Rent invitert heile landet til å bli med på ei heil veke med frivillig opprydding. Organisasjonen er svært nøgde med arrangementet i år.

– Vi er imponerte over den norske dugnadsånda. Familiar, vennegjengar, barnehagar, skular, kommunar, idretten, miljøorganisasjonar, næringslivet, avfallsbransjen og ryddemiljøet har alle stått på og rydda på land og i vatn, seier prosjektleiar Heidi Gromstad i ei pressemelding.

Armeringsfiber, tau/taubitar/bøtekapp, platspellets, EPS (isopor) og sigarettsneipar toppar lista over funn i tillegg til uidentifiserbare plastbitar.

Andre vanlege funn er korkar og lokk, snusposar og matemballasje.

– Vi takkar alle frivillige, organisasjonar, bedrifter, kommunar og avfallsselskap som har bidrege, seier Gromstad.