Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). Foto: Ali Zare/NTB/NPK.

Høie: Samd med FHI-direktøren i at smittestrategien ikkje har fungert godt nok

Smittestrategien i haust har ikkje fungert godt nok, sa FHI-direktør Camilla Stoltenberg onsdag. Helseminister Bent Høie (H) seier seg samd.

– Eg er heilt samd med Camilla Stoltenberg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til VG onsdag.

FHI-direktør Stoltenberg påpeika overfor NRK onsdag morgon at det er særleg smitten i skulane som vekkjer bekymring. Ho slo fast at smitten hadde auka raskare enn FHI og Helsedirektoratet hadde venta, og at dette ikkje er ønskjeleg.

– Vi kan ikkje ha som krav at ingenting blir problematisk, for det gjer det. Men vi må finne løysingar og justere kursen undervegs, seier Høie til VG.

(©NPK)