Helse- og omsorgsminister Bent Høie på pressekonferansen om vaksinestrategi. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Høie om vaksinefordeling: Dette er vanskelege diskusjonar

Helseminister Bent Høie (H) trur den nye fordelinga av koronavaksine vil vere akseptabel også for kommunane som må gi frå seg ein del.

– Når vi står i ein situasjon der vi alle opplever at vi har behov for fleire vaksinar, forstår eg veldig godt at ein del ordførarar – anten dei representerer store eller små kommunar – er tydelegare på at dei ønskjer seg fleire vaksinar. Det gjer eg òg, seier helse- og omsorgsministeren til NTB.

Han seier det er det er heilt forståeleg at det blir ein diskusjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er vanskelege diskusjonar også for dei aller flinkaste fagfolka, som skal gi oss råd om dette. Og då må vi òg tole at det er usemje og diskusjon om det, seier Høie.

– Og så trur eg at den modellen som vi no jobbar vidare med, vil vere ein modell som også vil vere akseptabel for kommunane som må gi frå seg ein liten del, altså 3 prosent, for at vi skal kunne gi ein litt raskare vaksinasjon av dei mest sårbare i områda som har hatt vedvarande høg smitte, legg han til.

(©NPK)