Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) mottok måndag ein rapport om bruk av koronavaksinane til AstraZeneca og Janssen i Noreg. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Høie: Framleis i rute til meir gjenopning i slutten av mai

Trass i store utbrot i Ålesund, Sandnes og Grenland: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) signaliserer at gjenopningsplanen er i rute.

– Det er framleis sånn at vi er i rute for det som er ambisjonen, nemleg at vi skal kunne gå til neste trinn i siste halvdel av mai, seier helseministeren til NTB.

Trinn 2 vil mellom anna opne for meir reising innanlands, fleire besøkjande i heimen og samling av større grupper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan toppen på over 1.000 nye koronasmitta dagleg i mars, har talet på nye smittetilfelle i Noreg gradvis falle til eit gjennomsnitt på rundt 400 i døgnet.

Nedgangen har likevel bremsa opp, og laurdag vart det kjendt at eit koronautbrot i grenlandsområdet er så stort og uoversiktleg at regjeringa valde å innføre strenge regionale tiltak i Skien, Bamble og Porsgrunn.

(©NPK)