– Nyheita om at ein vaksine er på veg har sikkert fått mange til å drøyme om ei julefeiring av det gode, gamle slaget. Eg må dessverre knuse den draumen, sa helseminister Bent Høie (H) på koronapressekonferansen på onsdag. Foto: Berit Roald/NTB.

Høie ber folk halde ut til sommaren

Først mot sommaren kan livet ha vendt tilbake til det normale, trur helseminister Bent Høie (H).

Helseministeren var fargerik på koronapressekonferansen på onsdag. Utan tommestokk, men med både orsakingar og løfte.

– Nyheita om at ein vaksine er på veg har sikkert fått mange til å drøyme om ei julefeiring av det gode gamle slaget. Eg må dessverre knuse den draumen, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie la til at om alt går som planlagt med vaksinen som er på veg, kan vaksinasjonen starte like over nyttår.

– Til påske vil forhåpentleg mange av dei som er mest utsett vere vaksinert, og til sommaren kan vi forhåpentleg leve meir som før, sa statsråden.

Høie kom òg med ei direkte melding til befolkninga:

– Det er mange som gjerne skulle drege lua ned over øyra, jakka opp over haka og sprunge så fort dei berre kan forbi januar, februar, mars og april. Men vi kan ikkje stoppe før vi møter sommaren. Då skal vi kaste lua og vrengje av oss jakka til ein kvardag vi har lengta etter sidan 12. mars, sa helseministeren.

(©NPK)