Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ber Folkehelseinstituttet ha lågare terskel for å varsle om koronautbrot i framtida.Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Høie ber FHI ha lågare terskel for koronavarsling

Folkehelseinstituttet (FHI) visste om koronautbrotet på Hurtigruten i to dagar utan å varsle. Helseminister Bent Høie ber om raskare varsling framover.

I ein e-post til NRK skriv Høie at embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet vart varsla onsdag førre veke om at ein passasjer på Roald Amundsen var smitta, og at resten av passasjerane og offentlegheita skulle bli informert.

Verken passasjerar eller media vart likevel varsla før Tromsø kommune heldt pressekonferanse fredag. Høie sjølv vart varsla torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje NRK gav kommunikasjonsleiinga i både Helse- og omsorgsdepartementet og justisdepartementet torsdag råd til FHI om at Hurtigruten sjølv burde gå ut med saka.

– I lys av at Hurtigruten likevel ikkje gjorde det vi fekk informasjon om at dei skulle gjere, vil vi be FHI ha ein lågare terskel for å gi direkte informasjon til offentlegheita om konkrete smitteutbrot, skriv Høie til NRK.

Tidlegare har det komme fram at Hurtigruten prøvde å hindre Hadsel kommune frå å kople ein koronasmitta i kommunen til Hurtigruten-seglasen personen hadde vore på. FHI har òg sagt at dei gav Hurtigruten råd om å varsle passasjerar allereie onsdag.

(©NPK)