Høgre sitt alternative budsjett: Store skattekutt og massivt politiløft
Høgre vil kutte skattane med 11,4 milliardar kroner og bruke ein halv milliard på politi. Prisen er store kutt i bistand, kultur og jordbruk.
Tysdag legg Høgre fram det alternative budsjettet sitt for neste år. «Frihet til å skape» er det overhengande temaet, med tre hovudsatsingar – skattekutt til folk, næringslivet og ei styrking av kommuneøkonomien.
– Noreg blir ikkje først og fremst bygd av staten, men av folk og næringsliv der ute. Realiteten er at utan eit sterkt næringsliv set vi velferda og tryggleiken på spel, seier finanspolitisk talsperson for Høgre, Nikolai Astrup, til NTB.
Samtidig kjem han med ei breiside til tuttifrutti-fleirtalet på Stortinget – Ap, SV, Raudt, MDG og Sp.
– Deira svar er meir stat, skatt og detaljstyring. Høgre har betre løysingar for Noreg.
Jobbsatsing
I budsjettet foreslår Høgre eit nytt jobbfrådrag som gir folk i arbeid 3000 kroner lågare skatt. I tillegg skal pensjonistar få eit nytt pensjonsfrådrag på 2000 kroner.
Partiet vil også auke frikortgrensa til 150.000 kroner for dei under 25 år.
Formuesskatten, som vart ei varm potet i valkampen i år, skal senkast med 6,1 milliardar kroner, der hovuddelen gjeld aksjar og driftsmiddel. Samtidig blir botnfrådraget heva med 100.000 kroner.
Også grunnrenteskatten på havbruk, betre kjent som lakseskatten, blir foreslått endra til 15 prosent. I dag er han på 25 prosent.
Ifølgje Høgre vil alt dette bety ein skattelette på til saman 11,4 milliardar kroner sett mot forslaget til statsbudsjett for neste år.
Politi og pengar til distrikta
Ei stor styrking av politiet for å takle stadig grovare kriminalitet blir også prioritert. 453,7 millionar kroner vil partiet bruke for å sikre minst 1000 nye politifolk ute i distrikta. Partiet aukar også opptaket til Politihøgskolen med 45 millionar kroner og styrkjer påtalemakta med 67,5 millionar til fleire juristar.
Høgre foreslår også 4 milliardar kroner meir i frie inntekter til kommunane. Om lag 1 milliard av auken er grunngitt med Høgres satsing på skule og barnehage.
– Dei viktigaste velferdstenestene er under press i heile landet. Høgre gir derfor kommunane mykje meir fridom til å ta avgjerder lokalt, seier Astrup.
I budsjettet blir det også sett av 1 milliard kroner til meir trening og aktivitet i Forsvaret, og dessutan 100 millionar til våpen og utstyr.
Milliardkutt
For å finansiere skattekutta kuttar Høgre mellom anna kraftig i bistanden. Afrika-bistanden blir redusert med 1 milliard kroner, medan Midtausten og Nord-Afrika får 200 millionar mindre.
Høgre vil i motsetning til venstresida ikkje finansiere tannhelse for unge vaksne og går inn for eit kutt på 840 millionar for dei i alderen 21 til 28 år.
Også kultursektoren blir hardt ramma. Norsk kulturfond blir kutta med 200 millionar, og talet på kunstnarstipend blir reduserte med 80 millionar.
Jordbruket slepp heller ikkje unna. Her vil Høgre kutte tilskotet med 1,5 milliardar.
– Vi prioriterer det viktigaste først, og då må noko anna prioriterast ned. Vi reduserer bistand med uklar effekt, senkar subsidiane til næringslivet, og vi prioriterer ikkje tannlegerabatt til gruppa som allereie har best tannhelse, seier Astrup. (©NPK)