Høgaste straumproduksjon nokosinne i fjor
I fjor vart det produsert 161,8 terawattimar straum i Noreg. Det er den største mengda nokosinne, ifølgje SSB.
Straumproduksjonen i fjor auka med 3 prosent samanlikna med 2024, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB). Også då var det rekord i straumproduksjonen.
– Den store straumproduksjonen i 2025 må sjåast i lys av mykje vatn i magasina ved inngangen til året, og det var spesielt vasskrafta som bidrog til auken i produksjon frå 2024 til 2025, seier seniorrådgivar Magne Holstad i SSB.
Annonse
Vasskraftproduksjonen auka med 3,9 prosent og stod for 90 prosent av kraftproduksjonen.
Straumforbruket i hushald sokk med 0,5 terawattimar frå året før, og enda på om lag det same som gjennomsnittet dei siste fem åra. Industrien og næringa auka forbruket noko. (©NPK)