Høg fart med ferskt sertifikat

Berre ein dryg månad etter at nordfjordingen i slutten av tenåra hadde teke sertifikat, vart han målt til 66 km/t i 30-sona. Resultatet er sju månader utan lappen.

21. juni i fjor vart bilen tenåringen køyrde målt til ein fart på 66 km/t i Sjukehusvegen på Nordfjordeid. I Fjordane tingrett nekta tiltala for å ha køyrd meir enn 50 km/t.

I retten fortalde tiltala at fartsoverskridinga skuldast at køyringa fann stad i nedoverbakke og at han unnlét å foreta nødvendig nedbremsing. Han såg ikkje på speedometeret, men meiner sjølv han er i stand til å kunne vurdere kva fart han hadde basert på erfaring og den fartskjensla han hadde der og då. I etterkant har han snakka med dei to passasjerane som sat på med han, begge skal ha uttala at farten ikkje var spesielt høg.

Han antyda vidare at han hadde ein fart på maksimum 20-30 km/t då han køyrde ut i Sjukehusvegen og deretter auka farten nedover mot staden målinga vart utført. Han ser det som usannsynleg at bilen, som har ein motor på 116 hestekrefter, vil vere i stand til å oppnå den aktuelle farten på strekninga frå krysset fram til målepunktet. Tiltala hevda òg at politibetjenten som utførte målinga skal ha sagt at han «snudde» laserapparatet då målinga fann stad, noko som kan ha påverka resultatet. Ei av årsakene til at han ikkje erkjenner straffeskuld er at han meiner den utførte målinga dermed viser eit urett resultat.

Politibetjenten som føretok målinga har forklart at han er godkjend brukar av det aktuelle apparatet og at han har utført lasermålingar jamleg over ein periode på tolv år. Han nektar for at apparatet vart «snudd» slik tiltala hevdar, og at laserstrålen trefte vinkelrett på nummerskiltet bak på bilen. Det aktuelle måleapparatet blei kontrollert av Justervesenet både før og etter målinga, utan at det blei funne svakheiter eller feil ved dette.

Retten finn det såleis prova at tiltala køyrde med ein fart på 66 km/t i 30-sona i Sjukehusvegen, og han blir dømd til 18 dagar i fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år og til å betale i bot på 11.000 kroner, subsidiært fengsel i 22 dagar. I tillegg mister han førarretten for førarkortpliktig motorvogn for ein periode på sju månader. Ved gjenerverv av førarretten må det avleggast ny praktisk førarprøve. Tiltala må òg betale sakskostnader til det offentlege på 3.000 kroner.