Inger-Margrethe Sørland.

Ho tok attval

Inger-Margrethe Sørland (20) frå Breim vart attvald som leiar i 4H Sogn og Fjordane under årsmøtet i helga.


Årsmøtet til 4H Sogn og Fjordane vart arrangert på Skei søndag 7. februar. Over 140 deltakarar var med på møtet.

- Lys framtid

Inger-Margrethe Sørland frå Eggenipa 4H i Breim tek til på sin tredje periode som fylkesstyreleiar i det største 4H-fylket i landet.

- Vi går inn i eit spennande år med omorganisering. Dette betyr meir ansvar på oss frivillige og færre tilsette. Eg ser fram til å ta fatt på arbeidet, og synest framtida ser lys ut for 4H. Eg gler meg til å samarbeide endå meir med nabofylket Møre og Romsdal, og trur vi skal klare både å auke aktivitetsnivået og få fleire medlemer, seier tjueåringen.

Vikøren ny i styret

Ny i styret er Eirik Vikøren (28) frå Kjernen 4H i Sogndal. Vikøren har tidlegare verv som leiar i 4H-alumnklubben i fylket, SOFA.

I styret sit også Vilde Ulsten (19) frå Neptun 4H i Flora og Kåre Olav Gjesdal (54) frå Blåklokka 4H på Vassenden. Vara til styret er Camilla Laugerud (23) frå Trekløveret 4H i Kjølsdalen, Inger Johanne Svartemyr (17) frå Ungbjørka 4H i Bjordal og Maria Høydal (17) frå Vårvon 4H i Eivindvik.

Inkludering

Dei fleste på årsmøtet var i alderen 10 til 18 år, der mange markerte seg ved å ta ordet frå talarstolen.

Årsmøtet vedtok mellom anna nye årsplanar for 2016 og 2017. På årsmøtet vart det også vedteke ein årsmøteuttale som gjeld inkludering av unge med innvandrarbakgrunn i 4H.

4H Sogn og Fjordane er det største 4H-fylket i landet med rundt 1950 medlemer og 74 4H-klubbar.