Pressefoto.

Ho skal leie Kystmuseet i Florø

Musea i Sogn og Fjordane har tilsett Annette Langedal Holme som museumsleiar ved Kystmuseet i Florø, melder stiftinga i ei pressemelding.

Holme har ein mastergrad i historie og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Fylkesarkivet i Vestland.

I rolla som museumsleiar vil ho ha det faglege leiaransvaret for utstillingar, arrangement og formidling ved Kystmuseet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var veldig kjekt. Eg gleder meg til å ta fatt på den spennande oppgåva med å leie Kystmuseet, seier Holme i pressemeldinga.

Holme er eit kjent ansikt i Musea i Sogn og Fjordane, ho har tidlegare jobba i ulike roller både ved Kystmuseet og Nordfjord Folkemuseum.

– Vi er svært nøgde med at Annette har takka ja til stillinga som museumsleiar. Med denne tilsetjinga har vi fått på plass ei sentral brikke i utviklinga av Kystmuseet, seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane.

Holme tiltrer i stillinga 1. januar 2021.