Leiar i Midtre Nordfjord Turlag, Katrine Fjellestad Aske, opplever at interessa for å gå turar i både fjell og nærområde er veksande. Sjølv er ho på tur neste kvar dag.

Ho er stadig på tur

– Turinteressa er i kraftig vekst. Det ser vi mellom anna på at turstiane er mykje brukte, seier Katrine Fjellestad Aske. Sjølv er ho nesten dagleg på tur.



Katrine har vore leiar i Midtre Nordfjord Turlag (MNT) dei siste sju åra. I tillegg til å vere ein ivrig turgåar sjølv, har ho gjort mykje for at andre skal finne glede i å bruke naturen.

Medlemsvekst

– Tradisjonelt har turlaget drive med organiserte turar for medlemmer og andre interesserte. Det gjer vi framleis, men dei siste åra har vi kjøpt inn mykje utstyr medlemmene kan låne gratis. Slik legg vi meir til rette for eigenaktivitet, seier Katrine Fjellestad Aske. Ho merkar at turinteressa er veldig aukande.

– Det ser vi m.a. på at stiane er tydeleg prega av at dei er mykje brukte, seier ho. Ikkje minst syner det att i medlemstalet til MNT. For fem år sidan var det 600 medlemmer.

– I år håpar vi å passere 1000 medlemmer, seier ho og meiner det er fleire årsaker.

– Eg trur DNT sentralt har marknadsført seg meir, men også at vi lokalt har fleire tilbod og viser meir igjen. Dessutan trur eg fleire ønskjer å gå på tur, og at det generelt er auka interesse for å bruke naturen, seier Katrine.

Ser nytten

Ho trur også at betre tilrettelegging og merking av turstiar er ei medverkande årsak. Turfolk kjenner seg tryggare og ser nytten av det gode arbeidet til DNT, meiner Katrine Fjellestad Aske.

Mange stader er stiane utbetra. Det er rydda og lagt klopper over våte område. Nokre stader har sherpaer bygd trapper. Ikkje minst er fleire turløyper merkte, både korte i nærområdet og nokre av dei lengre turane. Fleire stader er dette gjennomført i eit samarbeid mellom kommune og turlag slik som i Gloppen.

– På Nordstranda er dei fleste turane skilta og merkte, og dette arbeidet vil halde fram andre stader, seier turlagsleiaren. Merking til Eikeneshesten, Nautfjellet og Askslene, Ravnestadstøylen, Rantane i Hyen står for tur. I tillegg er ruta Fitjevårstøylen -  Longevasshytta – Myklandsstøylen i ferd med å bli sluttført. Også ruta rundt Jardalen står på programmet.

Samarbeid

Å merkje og skilte turløyper er tidkrevjande. Det må t.d. gjerast avtalar med grunneigarane før arbeidet i terrenget kan starte.

– Vi har avtale med Gloppen kommune om å ta seg av grunneigaravtalane. Vi ønskjer tilsvarande avtale med Eid kommune, men det har vi førebels ikkje fått, seier Katrine.

I tillegg skal stiane merkjast ute i terrenget, både med den raude «T-en», med vardar og skilt. Det er også tidkrevjande å syte for at merkinga vert halden ved like, særleg høgt til fjells der vêr og vind sliper og slit.

– Men vi har mange gode hjelparar. Dei fortener stor takk. Sjølv om mykje er gjort, har vi framleis ein lang veg å gå med tilrettelegging, seier Katrine. Merking og tilrettelegging vil halde fram, men det skal også vere heilt urøyvde område, strekar ho under.

For alle

MNT ønskjer mange ulike turalternativ, både i nærområda i låglandet og i fjellet.

– Barnas Turlag har vore aktive i Gloppen i fleire år. Dei har fleire turmål og klippekort som viser at du har vore på postane. Slike kort har vi no også til ungdom og vaksne. Vi har også tilsvarande for personar som treng hjelp og assistanse når dei ferdast i naturen, seier Katrine. Målet er å ha eit tilbod til alle.

Her er Trivselsskogen i ei særklasse med merkte og tilrettelagde løyper for dei fleste, tett inn på fleire bustadfelt og Sandane sentrum.

– Trivselsskogen er heilt fantastisk. Vi har meldt oss på med Trivselsskogen i ein nasjonal konkurranse som gjeld kåring av Noregs beste turrute. Eitt av kriteria er at det skal vere ein nærtur, fortel Katrine. Ho oppmodar folk om å gå inn på heimesida eller Facebook for å røyste.

 

Betyr nesten alt

– Kva betyr turane i naturen for deg?

– Eg heldt nesten på å seie alt. Å gå tur er trim og rekreasjon. Når du går tur, får du tenkt mykje og rydda i tankane. Det gjer godt, særleg i krevjande periodar, seier Katrine og slår fast at turane er helsebot, og at naturen er ein god stad å vere enten åleine eller saman med familie og vener.

– Har du ein favorittur?

– Eg går veldig mykje på Haugsvarden. Eg må også ha minst ein tur til Byrkjeneset i Gjengedal kvart år, gjerne med overnatting. Vi har svært mykje fin og variert natur i Gloppen, så mykje at det ikkje går an å nemne alt.  Ikkje minst har vi det så nær at vi lettvint kan ta ettermiddagsturar. Det er veldig flott, seier Katrine Fjellestad Aske. Ho er nesten dagleg på tur og gleder seg over at 2018 så langt har vore eit fantastisk tur-år.