Den over hundre år gamle vegen mellom Heirsnosi og Sletterust i Årdal i Sogn har fått stønad frå Kulturminnefondet. Foto: Rigmor Øygarden.

Historisk vestlandsveg får 300.000 i kulturminnemidlar

Den over hundre år gamle vegen mellom Heirsnosi og Sletterust i Årdal i Sogn har fått stønad frå Kulturminnefondet.

– Tilskotet skal gå til utbetring og reparasjon av eit område skadd av ras og utgliding. Når vegen blir sett tilbake til opphavleg stand vil den bli ein turistattraksjon og eit reisemål, fortel Simen Bjørgen i Kulturminnefondet i ei pressemelding.

Den gamle anleggsvegen frå 1910 er på lista til Statens vegvesen over verneverdige vegar og er viktig for den gamle veghistoria i Årdal, skriv søkar, som er Årdal Utvikling. Vegen vart bygd av Norsk Hydro i samband med kraftutbygginga og stod ferdig i 1920. Vegen har 42 hårnålssvingar og går opp til 1.000 meter over havet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At vegen blir sett i stand vil ha stor verdi for bruken, både for lokalbefolkninga og turistar. Vegen har rast mykje ut, og det har ikkje vore tilrådd å bruke han. Men no kjem vi i gang, og eg håpar han blir klar allereie til hausten, seier Trine Grøttebø i Årdal Utvikling.

I 1964 blei vegen omklassifisert til privat veg og har seinare blitt mykje brukt som turveg for syklistar og gåande. Men utgliding av vegbana har avgrensa bruken dei siste fem åra. I dag er det farleg å ta seg forbi rasstaden, og tilkomsten er utfordrande. Årdal Utvikling ønskjer å gjennomføre utbetringsarbeidet på vegen for å etablere ei trygg løysing for gåande og syklande, slik at vegen kan nyttast som ein ressurs i reiselivsutviklinga.

(©NPK)