Fellesnemnda, samansett av fylkesutvala i dei to fylka, møttest for første gong i Bergen i dag.

Historisk møte

Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til eitt stort vestlandsfylke er i gang. Fellesnemnda, samansett av fylkesutvala i dei to fylka, møttest for første gong i Bergen i dag og sette nokre premissar og mål for arbeidet.

– Dette er eit historisk møte. Det er no den store jobben byrjar. Vi skal ha gode samtalar framover, og jobbe for at vi får ein god prosess fram mot samanlåinga til eit stort vestlandsfylke 1. januar 2020, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

Fellesnemnda har vedteke å jobbe vidare med forslag til fylkesvåpen for den nye fylkeskommunen og får framlagt eit forslag til nytt fylkesvåpen i tredje kvartal neste år.

– Det nye fylkesvåpenet skal vere eit samlande symbol for dei to fylka og vere eit visuelt uttrykk for vår felles identitet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fellesnemnda vedtok å setje ned eit arbeidsutval med fire representantar frå kvart fylke. Vidare vedtok fellesnemnda å starte prosessen med å tilsetje prosjektleiar for samanslåinga. Prosjektleiaren skal bli fylkesrådmann for den samanslegne fylkeskommunen frå 1. januar 2020. Fellesnemnda har òg vedteke møteplan for 2018 og budsjett for samanslåingsprosessen. Neste møte i fellesnemnda blir 7. og 8. mars i Leikanger.

19. januar er dei fire vestlandsfylka inviterte til møte i departementet for å drøfte namnet på det samanslegne fylket.

– Fylkestinga våre har gjort vedtak om at namnet på det nye fylket er Vestlandet. Vi drar til departementet med dette som utgangspunkt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.