Hilde Horpen frå Årdal er ny fylkesleiar for Senterungdomen i Sogn og Fjordane.

Hilde Horpen ny fylkesleiar

Hilde Horpen frå Årdal er Senterungdomen sin nye fylkesleiar etter fylkesårsmøtet i Kalvåg sist helg.

Emma Berge Ness stilte ikkje til attval som fylkesleiar, men heldt fram i styret som politisk nestleiar.

– Eg takkar fylkesårsmøtet for tillita, og ser fram til det komande arbeidsåret, sa nyvald leiar Hilde Horpen etter valet.

Elles vart fylkesstyret valt slik:

Fylkestyret
Leiar: Hilde Horpen, Årdal
Pol. nestleiar: Emma Berge Ness, Gaular
Org. nestleiar: Oda Paulsen, Sogndal
Studieleiar: Nikolai Åshamar, Eid
Styremedlem: Ruben Skrede, Jølster
Styremedlem: Jakob Ruud, Sogndal
Styremedlem: Marie Høgseth Felde, Fjaler

1. vara: Håkon Fjellestad, Gloppen
2. vara: Gabriel Yttri, Leikanger
3. vara: Vigdis Marita H. Hatlevoll, Luster
4. vara: Eivind Steig, Luster