Her på Glppen Hotell skal Eid og Selje møtast onsdag til forhandlingar om samanslåing.

Her kan ein ny kommune bli til onsdag

Eid og Selje møtest i Gloppen, prøvde å halde møtet lukka.

I morgon, onsdag, møtest forhandlingsutvala i Eid og Selje på Gloppen Hotell på Sandane i samband med forhandlingar om kommunesamanslåing mellom dei to kommunane, i tråd med intensjonsvedtak i kommunestyra i Eid og Selje 15. desember 2016.

Dei prøvde å halde møtet lukka, men etter innspel frå Fjordenes Tidende har dei snudd, opplyser Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

- Vi startar forhandlingsmøte i morgon tidleg – onsdag 4. januar. Vi har heile tida vore opne på at vi skal ha eit slikt møte og kvar og når det finn stad, men vi har fram til i dag lagt til grunn at denne type forhandlingsmøte kan haldast som eit lukka møte med heimel i kommunelova og difor ikkje sendt ut presse-invitasjon. Vi har i dag etter innspel frå Fjordenes Tidende og avsjekk med prinsippavgjerd av Sivilombodsmannen i tilsvarande sak, konkludert med at det ikkje er korrekt handtering frå vår side, seier Bjørlo.

Forhandlingsmøtet mellom Eid og Selje i morgon på Gloppen Hotell blir difor ope for media.

- Vi orsakar at dette ikkje har vore avklara før, men er samtidig glade for at pressa er «på vakt» og at vi vart korrigert slik at vi frå no av gjer ting korrekt, seier Bjørlo.

Paradoksalt nok kan grunnlaget for ein ny kommune bli lagt i Gloppen i morgon, der Eid, som Gloppen sa nei til er den eine parten.