Her har heipipilerka henta mat og fôrar gjesten sin, ein grådig gaukunge. (Foto: Svein Hjelmeset)

Her får gaukungen mat med stemora

Eit slik hending er ikkje daglegdags å få oppleve, heller ikkje for naturfotograf Svein Hjelmeset frå Sandane. Her er det ein gaukunge som får mat hjå stemora si.

Alle kjenner historia om snyltaren gauken, som legg egg i andre sitt reir, slik at ungane vert oppflaska der. Det er også kjent at gaukungane er grådige og forsyner seg grovt av matfatet på «hotellet» sitt. Men det er ikkje mange som får sjå det i praksis, og til og med få tatt bilete av det.

Mata av heipiplerke

Men det gjorde Svein Hjelmeset for nokre dagar sidan.

Sjå gaukungen verte mata:
[video width="1920" height="1080" mp4="https://www.firdatidend.no/wp-content/uploads/2017/08/gaukungen.mp4"][/video]


– Eg observerte ein stor gaukunge ved Naustdalsetra like nord for Harpefossen i Eid kommune. Denne gaukungen vart mata av "stemora" si, ei  heipiplerke. Det er like fasinerande kvar gong ein ser slikt, seier Svein. Det er tredje gongen han har observert dette fenomenet.



– Ein gong i Gloppen der heipiplerka henta mat, og ein gong i Lærdal der lauvsangaren hadde gaukungen i kosten.

Denne gongen fekk han også oppleve at stemora kjeppjaga ei utanforståande lerke som ville sole seg i glansen av den store ungen.

Det er så mange utruleg fascinerande drama naturen vår har å by på!

 

Heipiplerka overvakar reiret sitt, utvitande om at ho har ein ubeden gjest der. (Foto: Svein Hjelmeset)
Heipiplerka overvakar reiret sitt, utvitande om at ho har ein ubeden gjest der. (Foto: Svein Hjelmeset)