Dagleg leiar Ronny Kjøde og Henden Elektro satsar på Jølster og etablerer base på Skei.

Henden Elektro satsar i Jølster

– Vi tek konsekvensen av auka etterspurnad etter elektrikartenester i Jølster, og har tilsett serviceleiar/elektrikar med base på Skei, seier dagleg leiar Ronny Kjøde i Henden Elektro.

Sandane-baserte Henden Elektro har opplevd jamn vekst sidan selskapet vart skilt ut frå moderverksemda som eige aksjeselskap i 2010. I fjor omsette firmaet for 16,3 millionar kroner. No løftar dei blikket og satsar sterkare på marknaden i Jølster.

– I fjor var ein tredel av omsetnaden vår i Jølster kommune. Vi merkar aukande pågang, særleg i nedre del av bygda. Vassenden er eit område i vekst, seier Ronny Kjøde og fortel at nytilsette Vidar Mallesvik skal ha base på Skei og serve førespurnadene frå Astrup-bygda.

Les meir i papiravisa.