Helsedirektør Bjørn Guldvog, helseminister Bent Høie og avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold. Foto: Torstein Bøe/NTB.

Helsestyresmaktene tilrår auka beredskap i to år

Koronaberedskapen bør haldast oppe i opptil to år etter at vi er tilbake til ein normal kvardag, meiner FHI og Helsedirektoratet.

– Etter at landet er tilbake i normal kvardag, bør ein i eitt år eller to ha auka årvakenheit og god beredskap medan ein får erfaring med korleis viruset oppfører seg i ei befolkning med utbreidd immunitet, skriv Folkehelseinstituttet i det faglege grunnlaget sitt til Helse- og omsorgsdepartementet.

Helsedirektoratet skriv at dei er samde i FHIs vurdering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som FHI òg påpeikar, kan det bli aktuelt å seinare endre beredskapen og overvakinga i tråd med utviklinga i pandemien, skriv Helsedirektoratet.

Kommunane er anbefalte å leggje inn bestillingar på smittevernutstyr som fortløpande dekke minst åtte månaders estimerte behov.

Tilgangen på smittevernutstyr er betydeleg betre enn den var i starten av pandemien, og mangelen som oppstod, kom av mangel på konteinarar og plutselege stenging av viktige hamner i Kina og andre land i Asia.

Det har medført ei stor uvisse for når leveransar av smittevernutstyr til Noreg faktisk kan skje, ifølgje Helsedirektoratet.

– Dette kan medføre ein opplevd mangelsituasjon, og denne situasjonen vil halde fram til langt inn i 2022, skriv dei.

Noreg har eit beredskapslager av smittevernutstyr som kan takast i bruk dersom det oppstår mangel.

(©NPK)