Helsedirektør Bjørn Guldvog. Foto: Terje Bendiksby.

Helsedirektoratet varslar nye endringar i Tisk-strategien

Helsedirektoratet skriv i eit brev til kommunane at det kan komme endå fleire endringar i smittesporingsstrategien Tisk om omtrent fjorten dagar.

– Endringane vil innebere vesentleg auka bruk av testar – primært sjølvtestar, heiter det i brevet frå direktoratet.

Kommunane får òg vite at regjeringa ønskjer at testing i stor grad skal erstatte karantene for alle nærkontaktar, også husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Artikkelen held fram under annonsen.

For husstandsmedlemmer og tilsvarande nære gjeld framleis karantenekravet som vart innført i midten av desember 2021. Dette går ut på at alle nærkontaktar som er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære til ein smitta person, som hovudregel skal i smittekarantene i ti døgn.

I forkant av dei eventuelle endringane ber Helsedirektoratet om at kommunane og statsforvaltarane byggjer opp lagerkapasiteten slik at kommunen har sjølvtestar tilsvarande minst to gonger innbyggjartalet i kommunen, og opprettar informasjon om og logistikk for utlevering av sjølvtestar.

Kommunane blir bedne om å rapportere tilbake til statsforvaltarane når dette er gjort. Helsedirektoratet ber kommunane om å ha dette klart seinast onsdag 26. januar.

(©NPK)