Helsedirektoratet anbefaler meir bruk av sjølvtesting, og anslår behov for 850.000 sjølvtestar i veka. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Helsedirektoratet tilrår meir bruk av sjølvtesting – anslår behov for 850.000 sjølvtestar i veka

For å få betre kontroll på smittesituasjonen i Noreg, tilrår Helsedirektoratet auka bruk av sjølvtestar. Dei anslår behov opp mot 850.000 sjølvtestar i veka.

Helsedirektoratet tilrår hyppigare bruk av sjølvtestar både i skular, blant helsepersonell og for husstandsmedlemmer til koronasmitta personar.

– Førebels har vi nok testar til alle kommunar som treng det, òg til skuletesting. Vi er i ferd med å bestille fleire sjølvtestar og er godt forsynt ut dette året. I midten av desember vil vi få 10 millionar til sjølvtestar, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt utgjer dette 841.000 sjølvtestar per veke.

I oversikta har ikkje Helsedirektoratet teke med vaksinert helsepersonell som eventuelt skal testast, andre nærkontaktar (som skal testast ein gong per veke) eller målretta testing av barn under 5. klasse.

Heller ikkje husstandsmedlemmer som vel å teste seg med PCR-test på ein teststasjon eller dei som tek ein bekreftande test på teststasjon etter positiv sjølvtest, er tekne med i oversikta.

Folkehelseinstituttet har laga ei oversikt over kva ein skal gjere dersom ein har nyoppståtte luftvegssymptom.