Frå midnatt tredde dei nye koronatiltaka i kraft. Blant anna må utestader innføre meteren og skjenkestopp nettopp frå midnatt. Illustrasjonsfoto: Annika Byrde/NTB/NPK.

Helsedirektoratet ser ikkje bort frå strengare tiltak

Dersom smittesituasjonen ikkje kjem under kontroll, ser ikkje Helsedirektoratet bort frå at det kan komme fleire tiltak og nedstengingar.

– Det er framleis stor uvisse om omikronvariantens eigenskapar. Vi ser ikkje bort frå at det kan bli behov for strengare tiltak, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til Dagbladet.

Fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet (FHI) seier at dei nye tiltaka som vart innførte frå midnatt, skal vurderast på nytt om to veker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har innført tiltak på nasjonalt nivå, men det kan framleis komme tiltak på regionalt og kommunalt nivå.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ser heller ikkje bort frå nye tiltak, men håpar å kunne unngå ei ny nedstenging.

Frå midnatt tredde dei tiltaka som vart varsla tysdag kveld i kraft. Det inneber mellom anna at skjenkekranene stengjer ved midnatt, det blir bordservering på serveringsstader, det blir innført nasjonalt munnbindpåbod, og meteren blir gjeninnført.

(©NPK)