Assisterande helsedirektør Espen Nakstad stadfestar at Helsedirektoratet trur den indiske koronavarianten kan true gjenopningsplanen. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Helsedirektoratet: Indisk koronavariant truar gjenopningsplanen

Den indiske koronavarianten kan krevje tyngre tiltak for å bremse smittespreiinga, meiner Helsedirektoratet. Dermed er gjenopningsplanen trua.

– Dersom den indiske varianten får feste i Noreg, kan det bli krevjande å gjennomføre ein nedtrappingsplan som planlagd, skriv Helsedirektoratet i svaret på eit oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, ifølgje Bergens Tidende.

Helsedirektoratet stadfestar overfor avisa at det er snakk om gjenopningsplanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom nye og meir smittsame virusvariantar får fotfeste, det vil seie at dei held fram med å spreie seg frå person til person, vil dei fort kunne byrje å dominere i Noreg. Det var det som skjedde med den britiske varianten, utdjupar assisterande helsedirektør Espen Nakstad i ein e-post til avisa.

Fredag innførte regjeringa påbod om karantenehotell også for dei som kjem frå land utanfor EØS eller Schengenområdet. Det kjem mellom anna av frykta for import av den indiske varianten, som kan vere meir smittsam.

– Den eksponentielle veksten kan indikere at den indiske varianten er mer smittsam enn den britiske, og den indiske varianten har no overteke i India, skriv Helsedirektoratet.

(©NPK)