Helsedepartementet: – Sjukeheimsbebuarar har rett på besøk

Fleire kommunar oppfattar tilrådinga til regjeringa om sosial pause som eit signal om å stengje sjukeheimar for pårørande. Dette avviser Helsedepartementet.

Gloppen omsorgssenter: Illustrasjonsfoto.

Ifølgje Klassekampen har fleire kommunar etter pressekonferansen til regjeringa søndag valt å stengje helse- og omsorgsinstitusjonar for besøk til bebuarane fram til 18. januar.

Men Helsedepartementet slår fast at «sosial stenging» ikkje betyr at bebuarar på pleieheimar kan nektast besøk, skriv avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bebuarar i sjukeheimar og andre kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar har rett til å få besøk. Leiinga ved institusjonen kan berre regulere eller avgrense besøk dersom det er strengt nødvendig, opplyser statssekretær Frøydis Høyem (H) i Helsedepartementet.

Ifølgje Høyem tek ikkje dei nasjonale smitteverntiltaka som vart varsla søndag frå dei eldre retten til å få besøk. Ho opplyser at enkeltkommunar likevel har moglegheit til å innføre strenge tiltak lokalt viss smittesituasjonen tilseier det.

(©NPK)