Helsedirektør Bjørn Guldvog (til venstre), helseminister Bent Høie og avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet på ein pressekonferanse nyleg. Foto: Torstein Bøe/NTB.

Helsedepartementet avviser opplysningar om full gjenopning av samfunnet

Regjeringa kjem fredag til å varsle full gjenopning av samfunnet, ifølgje Dagens Næringsliv. Men ifølgje departementet stemmer ikkje dette.

Avgjerda om nøyaktig tidspunkt for gjenopning skal takast torsdag, men avgjerda om at tida har komme, er allereie teken, skriv Dagens Næringsliv.

Regjeringsavgjerda vil etter kva Dagens Næringsliv erfarer, vere i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir avvist av departementet

Helse- og omsorgsdepartementet avviser overfor

– Uavhengig av om det er pressekonferanse eller ikkje i morgon: Det som står i DN-artikkelen stemmer ikkje. Det blir ikkje varsling av full gjenopning i morgon, opplyser ei kjelde i departementet til NTB.

Smittetal under 1

Onsdag ettermiddag poengterte helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) overfor NTB at smittetala ser ut til å flate ut, og at r-talet no er under 1.

– Det er gode nyheiter. Vaksinar er vegen tilbake til kvardagen, og oppslutninga om vaksinasjon er veldig høg i Noreg. Vi nærmar oss målet om at 90 prosent av alle vaksne er fullvaksinert. Eg håpar så mange som mogleg takkar ja til vaksinedose to, sa han.

Han opplyste då at regjeringa i vurderinga av vidare gjenopning legg størst vekt på kapasitet i helsetenesta og kor mange som er vaksinerte, men at dei òg ser på smittesituasjonen.

(©NPK)