Helse Førde går i grøn beredskap

Ekstremvêret Ingunn gjer at det vart sett grøn beredskap i Helse Førde onsdag føremiddag.

Dette inneber at føretaket har ein uavklara situasjon som kan kome til å krevje ekstraordinære tiltak og ressursar.

Ut frå ei samla vurdering set vi Helse Førde i grøn beredskap, melde beredskapsleiinga litt før klokka 12 onsdag 31. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beredskapsleiinga i Helse Førde har bede avdelingane bu seg på at det kan oppstå vanskar med transport til og frå sjukehus for så vel pasientar som tilsette. Avdelingane er oppmoda om å finne gode løysingar lokalt i høve eventuell omrokkering av vakter grunna bortfall av vegsamband m.m. AMK og ambulansetenesta er tett på pasienttransport, og har gjort tiltak for å avgrense tal transportoppdrag. Ambulansetenesta har styrka fleire av stasjonane med reservebilar og ekstra mannskap på jobb.

Uvêret er venta å særleg treffe nordlege delar av kysten av Fjordane. Meteorologisk Institutt melder at ekstremvêret vil merkast i heile Sør-Noreg.

Vinden er venta å verte sterkast frå Nordfjord og nordover.